Bli med og registrer bøker frå no og fram til 15. september for å få dei registrert i årets sommarles!
DagerDager
tTimer
minMinutter
sekSekunder
Eg ville ha Sommarles for vaksne og fann ut at eg måtte ordna det sjølv. Har du lyst til å vera med? Er du ungdom som har blitt for gammel for å vera med på biblioteket sin sommarles? Du er velkommen her!
Slik fungerer det:
Registrering: Du melder deg på ved å senda meg ei melding (der du vanlegvis kontaktar meg).
Når du har lese ei bok, og for kvar bok du les etter det, fyller du inn eit nytt skjema her på sida, også legg eg bøkene dine inn i eit Superkult Excel-ark. Du skal få tilgang til arket ditt per email, slik at du kan sjå din statistikk.
Premier: Sidan me er vaksne folk må me ordna premiene våre sjølv. Her i huset har me avtalt premie per bok (over ei viss mengde sider), men dette står man fritt til å ordna sjølv.
Her er nokre forslag:
Dette er berre forslag. Premien må vera heilt opp til deg, men unn deg noko bra for god lesing!
Når du er klar fyller du ut skjemaet under! Ja, eg veit det er mange spørsmål, men det er mykje moro å gjera statistikk av! Skriv start- og sluttdato, så får du også statistikk på sider per døgn :)
God Sommarles til deg!